Standard side

Veterandagen 2019

Fra arrangementet på Rudsæter i 2018

Velkommen til Rudsætra

-markering av veterandag-

Lørdag 1.juni 2019 kl. 12.00-15.00

Rudsætra markerer også i år «veterandagen» med åpen sæter og spennende program for alle interesserte.

Program fra kl. 12 med diverse innslag.
 
 - Velkommen

 - Kari L. Mack - leder Rudsætras Venner

  • Ytterligere glimt fra Rudsætras historie

- Kåre Willoch – tidligere statsminister, nå samfunnsdebattant

  • En tema-reise fra «Ung under krigen» til norsk og europeisk etterkrigspolitikk, samt synspunkter rundt dagens globale politiske og militære situasjon


 Kulturelle innslag v/Harestukoret.

Servering/enkle kioskmuligheter. 

Veibeskrivelse til Rudsætra:
Til fots: Kl 10.30 fra Harestua Kro med kjentmenn opp «Veteranstien». Ca 50-60 min gange på skogsti opp Harestulia. Krever godt fottøy, noen våte partier.

Med bil: Ta av ved Møbellåven på Harestua og kjør til øvre del av Harestua stasjon. Følg skilting, kjøreavstand ca 5 km. Parkeringsvakter ovenfor hytta.  Ny skogsti ca 200 mtr ned til Rudsætra.

 

Utearrangement: Klær etter vær!


Vel møtt!

 

Arrangører:
Rudsætras Venner
Randsfjordmuseet AS

 

 

 

Fra arrangementet i 2019

Referat frå veterandagen på Rudsætra i 2019

  1. Rudsætra – veterandagen 2019 

Laurdag 1. juni blei den tradisjonelle veterandagen arrangert på Rudsætra ved Harestua. I år med Kåre Willoch som gjest. Harestukoret avslutta arrangementet.

Nærmare 100 hadde møtt opp i regnet. 50 av dei fekk plass inne i hytta og då var det trangt.

Kåre Willoch hadde ikkje så mykje godt å seie om dei norske politikarane før 2dre verdskrig. Dei hadde vore naive. Stortingspresident Hambro (H) tok ansvar. Innsatsen til den norske handelsflåten var formidabel. Den dårlige behandlinga av krigsseglarane etter krigen meinte han skuldast at ein då ikkje var klar over dei psykiske følgene i ettertid av påkjenningane under krigen.

Motstandsrørsla sin innsats var viktig ved at den bant opp tyske styrkar i Norge. 

I kjent stil tok Willoch føre seg den utanrikspolitiske situasjonen. Det var viktig å lære av historia.” I dag har vi ein verdsleiar som er historielaus. Trump meinar at makt er rett”. Sanksjonane mot Russland pga. Ukraina og annekteringa av Krim hadde han ikkje sans for. Det var også andre som dreiv med anneksjon som  Norge var vener med, ”Vi må ikkje drive Russland i armane til Kina. Kina vil få verdens største økonomi. Det vil lønne seg å samarbeide med dei – ikkje føre handelskrig.”

Nei til EØS og Brexit hadde han også liten sans for. Tida etter krigen og hans eiga deltaking i Tysklandsbrigaden hadde lært han at samarbeid var nødvendig.

Willoch avslutta med at ”Vår Herre held fortsatt si hand over Norge, men han kan bli lei”.

Leiar av Rudsætras Venner, Knut Hovind, ønskte velkommen. Han takka dugnadsgjengen for å ha utbedra stien slik at Rudsætra er blitt meir tilgjengeleg, samt at det er sett opp fin benk og rydda skog.

Kari L. Mack er intiativtakar til veneforeininga og primus motor for arrangementet og det som elles skjer på Rudsætra. Kari fortalte kort om krigshistoria på Rudsætra. Her var både Milorg og kommunistane si motstandsrørsle. Einar Hagenes var ein av eigarane av hytta. Det var også han som opererte radiosendaren Beta. Kari viste til omtale av Rudsætra i Trygve Christensen si bok ”Marka og krigen” og Ingeborg Solbrekken si nyleg utkomne ”Gestapos mest ettersøkte nordmenn”. Trygve Christensen skriv at ”Harestulia trolig er det området i marka hvor det foregikk mest innenfor et lite område på ti kvadratkilometer”. Under krigen låg Rudsætra langt frå folk og var relativt utilgjengeleg. Bilvegen kom først i 1970-åra.

Første helga i juni var det treff for dei veteranane som brukte hytta under krigen. Det er denne tradisjonen som blir vidareført. No er alle dei opphavlege veteranane døde. Den siste var Finn Ramsøy (leiaren av Millorgs D-13). Han døde  25. mars i år – 98 år.

Svein Oppegård orienterte om dei flotte skilta som han og kona Ragnhild (f. Hagness) har fått laga og sett opp på stien fram til hytta. Dei har laga teksten om Rudsætra og krigsinnsatsen knytta til den.

Etter at regnet hadde gitt seg, song Harestukoret 3 songar ute. Dei avslutta med ”Ja vi elskar"

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

08.08 | 13:53

Ja selvsagt. Spennende, men jeg tror ikke vi har kunnskap til å si så mye om det. Du kan gjerne sende det på mail til meg og si hvor tomta er. Helen

...
08.08 | 12:20

For mange år siden fant jeg noe av et gammelt smykke e.ll. da vi skulle lage blomsterbed på tomta. Tror det er sølv.
Kan jeg sende dere et bilde på e-Mail?

...
02.07 | 21:16

Mange takk for trivelege kommentarar. Morfar, Thron Gunstad, fekk skjøte på plassen + skog 28 mål og jordveg på 30 mål,i 1919, frå broren Helge på Gunstad.

...
17.06 | 17:18

Her blev jeg født i 46 og herfra begynte jeg på Lunby skole i 53, like før vår familie flyttet til eget hus i nærheten. seks av oss søsken er født i finnløsbråt

...
Du liker denne siden