- Rudsætra – veterandagen 2019
Laurdag 1. juni blei den tradisjonelle veterandagen arrangert på Rudsætra ved Harestua. I år med Kåre Willoch som gjest. Harestukoret avslutta
arrangementet.
Nærmare 100 hadde møtt opp i regnet. 50 av dei fekk plass inne i hytta og då var det trangt.
Kåre Willoch hadde ikkje så mykje godt å seie om dei norske politikarane
før 2dre verdskrig. Dei hadde vore naive. Stortingspresident Hambro (H) tok ansvar. Innsatsen til den norske handelsflåten var formidabel. Den dårlige behandlinga av krigsseglarane etter krigen meinte han skuldast at ein då ikkje var
klar over dei psykiske følgene i ettertid av påkjenningane under krigen.
Motstandsrørsla sin innsats var viktig ved at den bant opp tyske styrkar i Norge.
I kjent stil tok Willoch føre seg den utanrikspolitiske
situasjonen. Det var viktig å lære av historia.” I dag har vi ein verdsleiar som er historielaus. Trump meinar at makt er rett”. Sanksjonane mot Russland pga. Ukraina og annekteringa av Krim hadde han ikkje sans for. Det var også
andre som dreiv med anneksjon som Norge var vener med, ”Vi må ikkje drive Russland i armane til Kina. Kina vil få verdens største økonomi. Det vil lønne seg å samarbeide med dei – ikkje føre handelskrig.”
Nei til EØS og Brexit hadde han også liten sans for. Tida etter krigen og hans eiga deltaking i Tysklandsbrigaden hadde lært han at samarbeid var nødvendig.
Willoch avslutta med at ”Vår Herre held fortsatt si
hand over Norge, men han kan bli lei”.
Leiar av Rudsætras Venner, Knut Hovind, ønskte velkommen. Han takka dugnadsgjengen for å ha utbedra stien slik at Rudsætra er blitt meir tilgjengeleg, samt at det
er sett opp fin benk og rydda skog.
Kari L. Mack er intiativtakar til veneforeininga og primus motor for arrangementet og det som elles skjer på Rudsætra. Kari fortalte kort om krigshistoria på Rudsætra.
Her var både Milorg og kommunistane si motstandsrørsle. Einar Hagenes var ein av eigarane av hytta. Det var også han som opererte radiosendaren Beta. Kari viste til omtale av Rudsætra i Trygve Christensen si bok ”Marka og krigen”
og Ingeborg Solbrekken si nyleg utkomne ”Gestapos mest ettersøkte nordmenn”. Trygve Christensen skriv at ”Harestulia trolig er det området i marka hvor det foregikk mest innenfor et lite område på ti kvadratkilometer”.
Under krigen låg Rudsætra langt frå folk og var relativt utilgjengeleg. Bilvegen kom først i 1970-åra.
Første helga i juni var det treff for dei veteranane som brukte hytta under krigen. Det er denne tradisjonen
som blir vidareført. No er alle dei opphavlege veteranane døde. Den siste var Finn Ramsøy (leiaren av Millorgs D-13). Han døde 25. mars i år – 98 år.
Svein Oppegård orienterte
om dei flotte skilta som han og kona Ragnhild (f. Hagness) har fått laga og sett opp på stien fram til hytta. Dei har laga teksten om Rudsætra og krigsinnsatsen knytta til den.
Etter at regnet hadde gitt seg, song Harestukoret
3 songar ute. Dei avslutta med ”Ja vi elskar"