Primstaven

Primstaven har 2 sider - ei vinter- og ei sommarside
Det er også funne runde primstavar
Risåsen viser merka på primstaven
Detalj frå primstaven

Primstaven

Geir Thomas Risåsen, ved Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Risåsen er kunsthistoriker og sakprosaforfatter. Han har skrevet en rekke bøker og artikler, for mange er Risåsen kjent som en flittig gjest både i TV og radio, hvor han har kåsert om ulike tradisjoner. Han har også arbeidet med kulturminnevern og store prosjekter, både i restaureringen av Det kongelige slott og av Eidsvollbygningen.

Om lag 30 hadde møtt til årsmøtet i Lunner historielag og Geir Thomas Risåsen sitt foredrag om «Bruk av primstaven under de ulike onnene i det gamle bondesamfunnet».

Primstav er ein stav med evigvarande kalender. Han vart brukt før trykte kalendrar kom i bruk. Den eldste norske almanakken er frå 1644. Norske primstavar har ei vinterside med kalendarium frå 14. oktober (vinterdagen) til 13. april (sommardagen), og ei sommarside. Staven har hakk eller strek for kvar dag i året der helgen- og merkedagar er markerte med stiliserte figurar.

I Norge var primstaven mest bruk på 1600-talet. Den var i bruk til 1800. Primstaven er typisk i Norge og Danmark, men ikkje i Sverige.

Merkedagar

Dei fleste av teikna på primstaven er knytt til katolske helgenar. Risåsen fortalte om dei ulike teikna og kva samanheng dei hadde til arbeidslivet. Nokre eksempel er:

  • 14/4: Sommardagen og flyttedagen. Starten på sommarhalvåret. Gardsarbeidarar, tenestefolk, husmenn og forpaktarar kunne  bytte arbeidsplass. Dagen er markert på primstaven med eit lauvtre eller grein.
  • 10/7: ”Knut med ljåen” varsla når slåtten skulle begynne. Ljå er det vanlege primstavmerket for denne dagen.
  • 29/7: Olsok. Slåtten skulle då vere ferdig og høyet i hus. Øks, kors og sol var primstavmerket.
  • 10/8: Larsok. Graset vaks ikkje etter denne dato. Symbol for rist og kors på primstaven.
  • 29/8: Barsok. Tida var inne for haustslaktinga. Kniv symboliser denne dagen på primstaven.
  • 29/9: Mikkelmesse. Avlingane skulle vere i hus. Vingekors, skålvekt og tre var primstavmerke.
  • 7/10: Britemesse. Kålen skulle vere hausta. Kors, tre og pil var merka på primstaven.
  • 14/10: Vinterdagen. Markert med vott eller tre.
  • 11/11: Mortensmesse. Varslar vere. Symbola er bispestav, gris, gås og sol
  • 6/12: Nilsmesse. Farleg dag som ein skulle passe på å unngå uhell. Symbolisert ved ein bispestav etter St. Nicolaus
  • 13/12. Luciadagen. Alt grovarbeid til jul (tresking og spinning) skulle ver gjort. Baking og brygging skulle vere i gang. Dagen er markert med kos, tre og halvtre.
  • 21/12: Tomasmesse. Julefreden blei lyst denne dagen og juleølet skulle vere klart til å drikkast. Symbolisert ved kos, sol eller halvsol.
  • 13/1. Tjuandedagen. Jula over og juleølet skulle vere drukke opp.  Markert med halvsol, kors og tre.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

19.09 | 23:14

Her bodde Gustav Eriksen med kone og 3 barn, fra 1939 til 1954, Jeg som skriver, er yngste sønn, Thor, siste gjenlevende, og her lærte jeg å plystre på første d

...
26.08 | 16:02

1864 folketelling ?

...
07.08 | 23:52

Hei! Melder meg på tur 26.aug. -22

...
25.07 | 23:15

Jeg ønsker å bli medlem, har overført kontigentpenger

...
Du liker denne siden