Lunner Historielag

Referat frå veterandagen 2019

Rudsætra – veterandagen 2019

Laurdag 1. juni blei den tradisjonelle veterandagen arrangert på Rudsætra ved Harestua. I år med Kåre Willoch som gjest. Harestukoret avslutta arrangementet.

Nærmare 100 hadde møtt opp i regnet. 50 av dei fekk plass inne i hytta og då var det trangt.

Kåre Willoch hadde ikkje så mykje godt å seie om dei norske politikarane før 2dre verdskrig. Dei hadde vore naive. Stortingspresident Hambro (H) tok ansvar. Innsatsen til den norske handelsflåten var formidabel. Den dårlige behandlinga av krigsseglarane etter krigen meinte han skuldast at ein då ikkje var klar over dei psykiske følgene i ettertid av påkjenningane under krigen.

Motstandsrørsla sin innsats var viktig ved at den bant opp tyske styrkar i Norge. 

I kjent stil tok Willoch føre seg den utanrikspolitiske situasjonen. Det var viktig å lære av historia.” I dag har vi ein verdsleiar som er historielaus. Trump meinar at makt er rett”. Sanksjonane mot Russland pga. Ukraina og annekteringa av Krim hadde han ikkje sans for. Det var også andre som dreiv med anneksjon som  Norge var vener med, ”Vi må ikkje drive Russland i armane til Kina. Kina vil få verdens største økonomi. Det vil lønne seg å samarbeide med dei – ikkje føre handelskrig.”

Nei til EØS og Brexit hadde han også liten sans for. Tida etter krigen og hans eiga deltaking i Tysklandsbrigaden hadde lært han at samarbeid var nødvendig.

Willoch avslutta med at ”Vår Herre held fortsatt si hand over Norge, men han kan bli lei”.

Nestleiar av Rudsætras Venner, Knut Hovind, ønskte velkommen. Han takka Mikael Grønvold, Bøye Bentzen, Knut Jørgen Gustavsen, Finn Håkon Heggen, Jonny Gustavsen og Tor Magnussen i dugnadsgjengen for å ha laga ny sti frå bilvegen og ned til hytta i august 2018.

Leiar av Rudsætras Venner og  primus motor for arrangementet og det som elles skjer på Rudsætra, Kari L. Mack,  fortalte kort om krigshistoria på Rudsætra. Her var både Milorg og kommunistane si motstandsrørsle. Einar Hagenes var ein av eigarane av hytta. Det var også han som opererte radiosendaren Beta. Kari viste til omtale av Rudsætra i Trygve Christensen si bok ”Marka og krigen” og Ingeborg Solbrekken si nyleg utkomne ”Gestapos mest ettersøkte nordmenn”. Trygve Christensen skriv at ”Harestulia trolig er det området i marka hvor det foregikk mest innenfor et lite område på ti kvadratkilometer”. Under krigen låg Rudsætra langt frå folk og var relativt utilgjengeleg. Bilvegen kom først i 1970-åra.

Første helga i juni var det treff for dei veteranane som brukte hytta under krigen. Det er denne tradisjonen som blir vidareført. No er alle dei opphavlege veteranane døde. Den siste var Finn Ramsøy (leiaren av Millorgs D-13). Han døde  25. mars i år – 98 år.

Svein Oppegaard orienterte om dei flotte skilta som han og kona Ragnhild (f. Hagness) har fått laga. Dei har laga teksten om Rudsætra og krigsinnsatsen knytta til den. Tor Magnussen har satt opp alle skilta (14 stk.) både langs stien frå gamlesaga (gamle Harestua stasjon) og langs den nye stien frå bilvegen. Det siste skiltet blei sett opp 1. juni.

Dugnadsgjengen ved Finn Håkon Heggen, Tor Magnussen og Svein Oppegaard laga i vinter nye benkar (halvkløyvingar) svimerka med Rudsætras Venner 2019. Dei blei plassert langs stien. Her fekk dei god hjelp av Snorre Næss med snøscooter og firhjuling.

Etter at regnet hadde gitt seg, song Harestukoret 3 songar ute. Dei avslutta med ”Ja vi elskar”.

Foto frå Hadeland

Nyeste kommentarer

04.11 | 11:40

Ja det har jeg. om du er interessert ta kontakt med meg på tlf 932455...

25.10 | 13:08

Min bestefar, Halvor Sogn, ble født på Gården Sogn 28..03.1863 og var...

19.09 | 21:14

Her bodde Gustav Eriksen med kone og 3 barn, fra 1939 til 1954, Jeg som s...

26.08 | 14:02

1864 folketelling ?