Lunner Historielag

Med Lunner Historielag til Finnskogen

Våningshuset på Orala
Våningshuset på Orala
Logoen for Orala
Logoen for Orala
Orala er det opprinnelige finske navnet på garden, mens det er det senere fornorskede navnet, Åranstorpet eller Aronstorpet, som står på kart.

Med Lunner Historielag til Finnskogen

Orala på Finnskogen

Lunner Historielag var laurdag 16. juli på busstur til Finnskogen. Bakgrunnen for turen var eit arrangement på Finnskogen der Lunnermusikarane Stein Buan, Per Schanke og Gisle Sløtte var invitert til eit arrangement på Orala – Øvre Aronstorpet på Finnskogen.

Kongsvinger Festning

På veg til Orala hadde vi stopp og omvising på Kongsvinger Festning. Festninga var stort sett ferdig i 1684. Den blei bygd for vern mot svenskane. Festninga var aldri i kamp og er godt bevart.

Konserten på Orala

Stein Buan, Per Schanke og Gisle Sløtte framførte på Orala songar knytt til finneinnvandring og livet på skauen. Tonesette dikt av finskætta Dan Andersson var ein del av repertoaret. Til arrangementet hadde dei også med musikk frå Lunner, samt eigne tekstar og melodiar. Programmet har dei kalla ”Nordmarka hilser Finnskauen». Linda Nordseth deltok også med eigne tekstar og song på nokre nummer samt Astri Fritzen på eit.

Orala – Øvre Aronstorpet på Finnskogen.

Orala – Øvre Aronstorpet ligger på Varaldskogen på Finnskogen aust for Kongsviger. Det er eit intakt gardsanlegg som Norsk Skogfinsk Museum eig. Orala blir drifta av ei veneforeining, museet og Austmarka historielag. Garden blei freda som skogfinsk kulturminne i oktober 2019.

Finnskogen er eit stort område som ligg i fleire kommunar. Det er lett å kjøre seg bort i dei aude skogsområda her, slik vi gjorde. Orala – Øvre Aronstorpet ligg like sør for E16 like nordaust for Jammerdal og nord for Austmarka. Orala er ikkje eit namn på kartet. Dersom ein brukar GPS er adressa: Aronstorpvegen.

Plassen har et bygningsmiljø på 14 bygningar som i tid strekk seg gjennom meir enn 200 år. Garden var i drift til 1980-talet. Plassen blei første gong rydda i 1692 av finnen Samuel Orainen.

Mellom bygningane var eit mangfald av grøntareal; eng, beiteland, dyrkingsjord og skog. 150 rydningsrøyser viser kva arbeide som er lagt ned i ryddinga av plassen.

Den skogfinske husmannsplassen Orala er ein av svært få slike plassar som på ein god måte formidlar korleis ein tradisjonell skogfinsk plass var bygd opp.

For å oppretthalde det biologiske mangfaldet, blir eit areal slått med ljå seint på sommaren slik at dei ulike artane har frødd frå seg. Graset blir slått og tørka før det blir raka saman. Dette sikrar at mest mogeleg av frø blir rista ut av graset for å sikre vekst neste år. Rikt mangfald av plantar skaper også rikt mangfald av insekt.

Med 36 i bussen og dei som hadde reist med privatbil, var vi om lag 50 personar på Orala frå Lunner. Totalt var det nærmare 150 på arrangementet. Det blei ein fin og stemningsfull konsert den fine sommarkvelden på Finnskogen. God servering av grillmat, mineralvatn, kaffi og kaker. Ein hyggeleg dag med Lunner Historielag.

Løa på Orala
Løa på Orala
Løa frå 1888 og vinterfjøs frå 1951.
Gamelfjøset på Orala
Gamelfjøset på Orala
For å oppretthalde det biologiske mangfaldet, blir eit areal slått med ljå seint på sommaren slik at dei ulike artane har frødd frå seg. Graset blir slått og tørka f
Badstova frå 1800 på Orala
Badstova frå 1800 på Orala
Konserten på Orala
Konserten på Orala
Frå venstre: Stein Buan, Per Schanke og Gisle med Linda Nordseth bak.
Konserten på Orala
Konserten på Orala
Stein Buan, Per Schanke og Gisle Sløtte framførte på songar knytt til finneinnvandring og livet på skauen.

Nyeste kommentarer

04.11 | 11:40

Ja det har jeg. om du er interessert ta kontakt med meg på tlf 932455...

25.10 | 13:08

Min bestefar, Halvor Sogn, ble født på Gården Sogn 28..03.1863 og var...

19.09 | 21:14

Her bodde Gustav Eriksen med kone og 3 barn, fra 1939 til 1954, Jeg som s...

26.08 | 14:02

1864 folketelling ?